Det Gamle Evangelium

 

 

Diverse

Index

Flere sanger

Sangen

Her vil jeg med jevne mellomrom legge inn sanger som mere synes å ha gått i "glemmeboken," enn å stå i sangboken, og hvor du kan fornemme tonen av erfart kristendom. Les igjennom og fornem det.

Forsoninga er vunnen

FORSONINGA er vunnen i Jesu Kristi blod, Til meg frå korset freden Hans er floten. Kvi har eg gått og ottast? Mi sak den er då god, Den store skiljeveggen ned er broten. Ja, dagen er nå komen, og natta er forbi, Og fangehuset opna, kvar fange kan bli fri, Sjå, fiendskapen er for evig ute!

2. Det er meg openberra at eg eig barnerett, For Gud med meg i Kristus er forsona. Og eg som har meg gremma og aldri skjøna rett Kor eg i domen skulle verta skona, Eg som i all mi betring, mi tru og gudleg sed, Min gjerning og min lydnad fana aldri hjartefred, Eg er nå alt i Jesus Kristus salig!

3. Er nådegåva given, då er det ikkje eg Som henne skal med strev og møda finna. Ser du, min Gud, i Sonen med hugnad nå på meg, Så skal eg då som barn ditt rike vinna. Og når du alt er nådig, så kjem mitt strev for seint, Eg Som i trældomskavet har streva hardt og meint At du til slutt då skulle bli meg nådig.

4. Ein tener vel for dagløn, men ikkje for ein arv, For denne skal du Sleppa sjølv å masa. Er eg i deg fullkomen, eg ikkje lenger tarv Med gamal klut mi nye kledning stasa. Du einast er rettferdig, og all mi rettferd er Så sulka til av synda, som du, min Herre ser: Di rettferd einast, Frelsar, gjer meg verdig.

5. Men kor den arme sjela då ennå dårar seg, Som trur at ho kan verta nåden verdig, Som fyrst vil døyda synda og sidan tru på deg Eingong når hennar betring rett vert ferdig, Som fyrst vil vera heilag og ven og rein og god, Og sterk i tru og kjærleik og von og tolsamt mod Og sidan verta barn i faderhuset!

6. Nei, førenn verdsens grunnvoll ved skapinga vart lagd, Du unnte meg i Kristus barnekåret. Å, eg som gjekk så lenge av tvil og vanmod plagd Og har på tunge trældomsåket bore! Nå tek eg til å skjøna, med undring det eg ser: Min Herre Gud og Fader, det alt av nåde er! Nå vil eg meg av nåden einast rosa.

7. Alt anna det er utrygt, alt anna sviker meg, Men einast nåden din er stø og stendig. Visst har eg lite elska og lite ottast deg, Og ennå er min kjærleik. høgst elendig. Men du har ikkje grunna mitt barnekår på den - Då hadde eg gått under, men sjå, eg lever enn! Eg einast av din frie nåde lever.

8. Så blir eg ikkje salig fyrst når eg fer herfrå, Eg i min Frelsar her alt sæl får vera. Er fiendskapen drepen, kva ottast eg vel då, Det som er dødt, kan meg kje skade gjera! Er syndeskulda sletta av Jesu dyre blod, Då er det skuldbrev borte som meg i vegen stod, Og kven vil meg med nokon rett fordøma?

Lina Sandell, 1861.