paul gerhard sand

  
  Det Gamle Evangelium

 

 

 

 

 




P. G. Sand

Paul Gerhard Sand rann av ekte austlandrot både på far- og mor- sida, men var heilt frå ungdomen knytt til Vestlandet med sterke band. Ein kan vel mest seia at han levde sine beste dagar i Romsdal.

Lat oss fylgja morsætta hans ein grand. Det finst snautt eit klårare døme på den omflytting og rørsla i folket som Hauge var opphav til.

På Helgøya i Mjøsa budde det i slutten av 1700-talet ein ung mann som heitte Paul Frantsen. I 1799 blei han gift med ei ung kvinna, Kari Karlsdotter, frå garden Bacherud på Helgøya. Omkring hundreårs-skiftet møtte dei Hauge og blei omvende båe to. Dei kjende seg sterkt bundne til han som hadde vekt dei opp, gav han rådvelde over alt dei åtte og hjelpte han det beste dei kunne. Ei tid arbeidde Paul ved papirmølla på Eiker mens kona batt bøker heime på Bacherud.

I 1805 kjøpte dei gard på Toten, men alt året etter flytte dei til Land. Våren 1810 er dei atter på flyttefot. Hauge hadde rådt dei til å fara nordover. Dei slo seg ned i Sørvik i Namdalen hjå bror til Kan, Ottar Bacherud. Men i 1811 tok dei atter ut. Det bar sørover til Romsdal, også denne gang etter råd frå Hauge. Dei sette bu på garden Sotnak, som den gong høyrde til Nesset, men seinare blei lagt til Bolsøy prestegjeld.

Her kom dei til ro, endå garden var embølt og låg langt frå folk. Det første, då dei var lite kjende, såg ikkje mange innom, og det nytta lite å lysa til møte, for ingen ville gå den lange og tunge vegen. Men det snudde seg snart. Sotnak blei med tida ein møtestad for haugianarane i desse bygder. Frå 1830-åra og eit halvt hundreår frametter heldt dei også ei stor sommarstemna som samla folk både frå Romsdal og Nordmøre.

Paul og Kari hadde ulikt huglynne, men dei drog godt saman og vann vyrdnad hjå alle. Han var ein djuptenkt og stillfarande mann, som sa lite, men orda hans fall med vekt både i samtale og når dei heldt samling. Ho var gløgg, snartenkt og pratsam og hadde sers godt lag til å bli kjend med folk og kunna seia eit ord i rette tid, til tukt og til trøst.

Dei var beste vener med ein annan haugianarhuslyd i Nesset: Kristoffer og Marit på Myklebostad. Kristoffer hadde flytt inn i bygda likeeins som Paul og Kari. Han kom 1809 frå Luster i Sogn, saman med Lars Tjødlingen og Daniel Arnesen, som har så kjent eit namn i haugianarsoga i Romsdal. Han kjøpte garden Myklebostad og blei i 1810 gift med Marit Brude frå Grytten prestegjeld.

Desse to huslydane fekk mykje å seia for Nesset og Bolsøy på mange måtar, men mest i det religiøse liv. Paul døde i 1835 og folka på Myklebostad i 1840-åra, men Kan Sotnak levde endå ein mannsalder. Ho fekk sjå både den 3. og 4. ættleden renna opp omkring henne. Mest til det siste hadde ho si sterke helsa, og minnet var like gløgt til ho slokna seinhaustes 1872, over 95 år gamal.

Alle borna hadde store evner og kom seg godt fram i verda. Den mest kjende av sønene var vel Frants Paulsen, i sine seinare år klokkar ved Vår Frue kyrkja i Trondheim. Ei av døtrene var gift med klokkar Tolås i Bolsøy. Det var hjå henne at gamle Kari levde sine siste år.

Ei dotter heitte Karen. Ho blei gift med bonden og haugianaren Halvor Eriksen Sand på Eiker ved Drammen. Ein av sønene deira var Paul Gerhard, fødd den 25. februar 1848.

Mora hadde fått det så føre at denne sonen skulle bli ein stor Guds mann med tida, og då ho var så glad i salmane til Paul Gerhard, kalla ho guten opp etter han. Men då Paul vaks opp, blei han verre enn nokon av dei andre syskena å styra. Han ville sprengja alle band. Endå heimen slett ikkje var mørk og trong, så måtte han ut. Eit stykke ifrå låg ei stor mølla. Dit sprang han i tide og utide. Der lærde han å spela kort og mangt anna som ikkje gjorde han godt. Foreldra prøvde å halda han borte frå mølla best dei kunne; men Paul var ikkje god å leggja taumar på. Faren miste motet og sa: Det blir aldri folk av han. Men mora meinte jau: Det skal bli ein bra kar av han eingong. Ho slutta likevel å kalla han Paul Gerhard, ho sa bare Paul.

Men kanskje gamle bestemor kunne få skikk på guten? Det var verdt å prøva. Då Paul hadde gått for presten, sende dei han avstad den lange vegen til Romsdal. Han tok ut med godt mot; det var kar som ikkje fælte. Og så var det nå det at dei hadde sagt han føre så greidt kor han skulle ta inn. Det budde haugianarar, gode vener og kjenningar av foreldra eller besteforeldra, etter heile ruta. Han reiste over Modum, Ringerike, Hadeland, Toten, Vardal, Biri, opp Gudbrandsdalen og ned gjenom Romsdal - til han stod i stova hjå bestemor på Sotnak.

Her budde han nå nokre lyse, fagre år. Samværet med bestemora har sikkert vore til nytte for han, bm det ikkje synte så mykje att med det same. Ho var både ålvorsam og glad, ho kunne vera mjuk eller streng etter som det høvde, og ho hadde så utruleg mykje å fortella.

Paul ville gjerne høyra om gamle dagar, om Hauge og ve­nene hans. Han åtte store evner, hadde lett for å læra og hungra etter kunnskap, samstundes som han var kåt og livsglad.

Hausten 1865 kom han inn på lærarskulen i Nesset og gjekk ut året etter med eksamen i lomma. Når var han sin eigen herre. fri og glad og sterk. Men djupt i sjela låg ålvorstankane. Den haugianske arven ville nok ein dag leggja sitt lodd i vektskåla.

Det drog likevel ut. Åra gjekk. Men Sand kjende meir og meir at det bar mot ei krise. Han var ein mann med eld og glo, han måtte vera heilt det han var. Nå stod han ved krossvegen: anten synda så det tok noko eller også bli «lesar»!

Den avgjerande vending kom i 1875 då han var lærar i Skedsmo på Romerike. Her kom han ihop med stasjonsmeister O. Jensen frå Strømmen og trelasthandlar Johan Gulbrandsen frå Nittedal. Dei var båe til stor hjelp for han i denne svære brytningstid. Han las også mykje i skriftene til Rosenius og lærde å kjenna ein svensk lektalar, Norström, som i den tida ferdast på Austlandet. Gjenom Rosenius og Norström fekk han det sterke evangeliske drag som sermerkte forkynninga hans alt til det siste.

I 1876 fekk Sand lærarpost i Nord-bygda i Søre Land. Men det som nå låg mest på hjarta hans, var å forkynna Guds ord. Han brann av hug til å ropa ut ordet om omvending og frelse til folket. Difor heldt han jamnt møte om sundagane og i fritida si. På tilhøyrarar skorta det aldri. Dei hadde snautt høyrt make til talar.

Det store gjenombrotet kom i 1877.

Då tok han ein langtur gjenom Nordre Land, Etnedalen og Valdres.

Det var i februar han kom til Etnedalen. Mange folk møtte fram alt til første møte, for gjetordet hadde gått føre han. Då han sa opp salmenummeret, las han dei to første strofene:
«Hvo vil med til himmerike, kommer! Jesus roper nu». Desse orda greip ei ung jenta som hadde kome for å halda leven. Ho blei ein kristen og døde med gleda og fred året etter.

Andre møtet heldt han på garden Langedal. Folkemengda var då uvanleg stor: dei dømde på 300 menneske. Sand tok til å tala om dei 10 Guds bod. Han svinga storsleggja så det gneista for augo. Han synte korteis kvar og ein har synda, i det minste i tanken, mot alle Guds bod. Ikkje ein er rettferdig. Og Gud er ein etande eld imot synda.

Så slo han om og tolka ordet: «Likesom Moses ophøyet slangen i ørkenen, således skal Menneskesønnen ophøyes, for at hver den som tror på ham, skal ha evig liv.» Og nå bar han fram eit vitnemål om frelsa i Kristus så klårt, så levande og sterkt at ingen i den samlinga hadde høyrt maken. Det var reint nytt for dei fleste, og greip om hjarterøtene med uvanleg makt. Mange søkte Gud den kvelden.

Såleis gjekk det dag etter dag og kveld etter kveld. Når møtet var slutt, sat det ofte mange som gret og ikkje ville gå før dei hadde høyrt meir. Desse måtte Sand ta seg av. Men han hadde også eit auga med dei som skunda seg ut. Tidt gjekk han etter, tok dcii handa og sa eit ålvorsord.

Jamnast heldt han to møte om dagen: kl. 11 og kl. 5, og om sundagen ofte tri gonger. Møta var lange, det hende at han tala opp til 3 timar. Men folk merkte ikkje at tida gjekk. Åndsmakta hjå talaren reiv dei med.

Mellom møta fekk han så å seia aldri kvila. Då var han fåmælt. Det såg helst ut som han ikkje sansa stort av det som gjekk føre seg omkring han. For det meste sat han og tenkte og såg rett framfor seg. Han levde i si eiga verd til møtet kom. Då var heile mannen full av liv, då tala og song han time etter time som han skulle vera av stål og ikkje av kjøt og blod.

Men det sleit nok i lengda. Og endå verre for helsa var dei tronge møterom. For det meste laut han stå på ein stol i ein kald gang mellom to varme stover. Folk sat stuvde som sild i tunna beint innpå han. I slik luft laut han tala, og mangeing gong leggja seg i kald seng når han hadde vore gjenomvåt av sveitte.

Det er truleg at han alt i desse første åra fekk frøet til den helseknekken som skulle fylgja han livet tilendes.

Han fór gjenom mesteparten av Valdres og fleire andre bygdelag dette og dei to komande åra. Bygdene var reint omsnudde der han hadde fare. Og han slepte ikkje dei nyomvende av syne. Om ein månad eller to kom han att der han hadde vore før, og kunne då rettleida og styrka dei truande, serskilt dei unge. Han la stor vekt på at dei las i Bibelen og andre gode bøker. Det var skriftene til Rosenius og Bunyan han helst bad dei å granska.

Når det gjekk ei tid at han ikkje kunne koma rundt til sine åndelege born, så sende han «vennebrev» som dei gamle haugianarane hadde gjort. Eg har liggjande framfor meg avskrift av eit slikt brev, dagsett Steig i Biri den 20. juli 1880. Når ein tek unna den sterke evangeliske tone, så er det så likt dei eldre haugianske «vennebrev» både i form og innhald, at ein tar aldri tvila på kva åndeleg rot forfattaren har runne opp av.

Då dette brevet blei skreve til «eder I himmelske løpere i Etnedalen», hadde Sand fått ei mykje større arbeidsmark og andre kår enn i 1877.

Alt i 1878 sa han frå seg skuleposten. Kallet til å forkynna var så sterkt at han laut bruka all si tid til det.

Men kva skulle han så leva av? Han reiste på eiga hand, stod ikkje i nokon organisasjon og hadde inga fast løn. Visst var det vel så at han fekk mykje av dei som blei glade i arbeidet hans. Til og med verdslege og giruge menneske stakk pengar til han. Men det var så uviss ei inntekt.

Hausten 1879 kjøpte han så garden Steig i Biri. Like før hadde han halde bryllup med Hanna Johannesdotter Alseth frå same bygda. Ho var ei dugande kvinna, og på henne fall tyngda av tilsynet med garden; for Sand ville dei nå ha til forkynnar både nord og sør om Dovrefjell.

I 1880 finn me han i Trondheim; seinare reiste han heilt til Namdalen. Ut gjenom 80-åra fór han vide ikring, men mest i Oppland og dei to Trøndelags-fylka. Vekkjing fylgde det med han mest kor han kom i denne tid. Han ble kjend over heile landet som ein av dei største forkynnarar Noreg åtte.

Det var ikkje minst det Sand skreiv som gjorde han kjend. Det første av dei mange småskriftene sine sende han ut i 1879. Det er ein tale om «stokkmesteren i Filippi» (Ap. gj 16). Ein må seia at det er både fart og fantasi og kraft over denne talen. Men etter det folk fortel, er det skrevne ordet bare som ein bleik skugge av den åndsmakt som låg over det munnlege foredrag.

I 1880 kom han med heile 5 småbøker: 4 oppbyggclege skrifter, eit om «den gamle og den nye retning» i forkynninga, og ei lita songbok: «Pilgrims-Kvad». Somme av songane i denne siste hadde han skreve sjølv, men dei saknar poetisk verd og er nå gløymde. Diktar var han ikkje. Boka kom likevel i fleire opplag.

Ein må seia at han fører ein framifrå god penn, og han har noko å bera fram også på prent. Det var snaudt nokon av lektalarane i 80-åra, og få av prestane også, som leverte noko likare enn det beste P. G. Sand har skreve.

Også til Sunnmøre nådde gjetordet om Sand. Alt i 1881 ser ein av indremisjonsprotokollen i Ålesund at dei har bede han koma dit. Men han kunne ikkje då.

Det er truleg telegrafstyraren i Beian på Ørlandet, Peder Olsen Valdal. som har fortalt sunnmøringanc om Sand. Han var sjølv sunnmøring og blei kjend med Sand då denne gjesta Ørlandet første gong i 1880 eller -81.

I 1887 fekk Valdal ein post i telegrafstellet i Ålesund. Etter kall frå han og andre kom Sand til Sunnmøre om våren same året. Han vann stor inngang både i Ålesund og dei næraste bygdene, så indremisjonen atter tok opp spursmålet om å kalla han. Ein ser av indremisjonsprotokollen at Solem har skreve austover sommaren 1887. Det kom svar frå Sand at han ville prøva å arbeida i Ålesund ein månad mellom 14. oktober og 14. april. Dei bad han koma i oktober, og det blei til det at han skulle koma til haustmøtet.

Sand stod på høgda av si kraft då han kom til Sunnmøre. Helsa var ikkje lenger så sprek, men i åndsmakt og åndsmogning nådde han aldri høgre. Endå hadde han ikkje kasta seg inn i dei store økonomiske tiltak som seinare tok så mykje tid og kraft, og heller ikkje hadde han blanda seg i politikken. All den evne han åtte, samla seg om å forkynna evangeliet.

Fruktene av arbeidet hans blei då heller aldri større nokon annan stad i landet.

 Til toppen